Sterk start på sesongen for Volda Symjeklubb

Volda Symjeklubb på stemne mars 2026.

Dei første symjestemna dette året har vore ein suksess for Volda Symjeklubb.

Med mange personlege rekordar, gode debutar og solide prestasjonar, viser symjarane god utvikling tidleg i sesongen.

Gode resultat i Molde og på Eid

På Rosesvøm i Molde deltok klubben med fem symjarar. På 26 individuelle startar vart det sett 16 personlege rekordar. Dei resterande ti startane var i øvingar symjarane ikkje hadde deltatt på før, og gav dermed sine første resultat i desse øvingane.

14 dagar seinare stod Vårduppen på Nordfjordeid for tur. Her kunne ein ikkje forvente same framgangen, men også dette stemnet gav fleire personlege rekordar og gode prestasjonar.

På stemna deltok Volda Symjeklubb med symjarar i paraklassen, rekruttklassen og med symjarar som er approberte for konkurranseklassene.

Parasymjarane imponerer

Våre to mest konkurranseaktive parasymjarar deltok begge i starten av sesongen. Thea Åmelfot var med både i Molde og på Eid, medan Elias Kobbevik Mikalsen deltok på Rosesvøm før han blei sjuk.

Thea prøvar seg stadig på nye distansar og øvingar med stort hell, og imponerte i Molde både på butterfly og bryst – i tillegg til ein sterk frietappe på stafettlaget.

Elias har sine favorittøvingar på 50 butterfly og 50 fri, og også denne gongen leverte han prestasjonar på sitt beste nivå.

Nye øvingar og sterk utvikling

Ane M. Larsen og Siobhán Z. van Bemmel deltok på begge stemna. Ane debuterte på 200 fri i Molde og sumde inn til ein 4. plass. På Vårduppen prøvde ho seg på 100 butterfly for første gong, noko som også resulterte i ein 4. plass med tida 2.02,53.

Siobhán likar best rygg og crawl, noko som kom tydeleg fram i Molde der ho forbetra seg på alle rygg- og fridistansane ho deltok i. Særleg på 100 rygg viste ho stor framgang, med ein ny personleg rekord på 1.48,5 – heile 19 sekund betre enn tidlegare.
Etter målretta arbeid med butterfly, debuterte ho på 50 fly på Eid og sikra ein sterk 2. plass med tida 55,56.

Debutar og læring i konkurranse

Troy Todorov hadde to debutøvingar på Vårduppen – 200 fri og 50 butterfly – og gjennomførte begge godt. 200 fri er ei krevjande øving å bli kjend med, men Troy vil vere betre budd neste gong.

Han opna litt for hardt på 50 fri og vart diskvalifisert, men gjennomførte dei andre fri- og ryggøvingane på tider tett opp mot sine beste.

Sterk prestasjon før sjukdom

Astrid Kobbevik Mikalsen måtte stå over Vårduppen grunna sjukdom, men leverte eit svært godt stemne i Molde to veker tidlegare.

Åtte startar gav åtte personlege rekordar. Den beste plasseringa kom på 200 medley, der ho tok 2. plass med tida 3.31,86.
Ho deltok i alle fem LÅMØ-øvingane – 400 fri, 200 rygg, 200 bryst, 200 medley og 100 butterfly – i tillegg til fleire andre øvingar. Dette gir eit godt utgangspunkt før den regionale årsklassemeisterskapen i Stjørdal første helga etter påske.

Rekruttane på veg fram

Volda Symjeklubb får stadig fleire medlemmar i rekruttgruppa, og fleire nærmar seg nivået for å delta i opa klasse.

På Vårduppen på Eid vart det synt flott symjing av Inga Sukackaite Vik, Madeleine Førde (debut), Pia Bjørkedal Kornberg og Sara Driveklepp. Alle fekk sine fortente deltakarpremiar.

 

Neste moglegheit for å setje nye personlege rekordar kjem på Jugendsvøm i Ålesund 25.–26. april 2026.

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn. Dato: laurdag 28. mars 2026 Tid: 08.30 – 10.45 Stad: Voldabadet Pris: Gratis Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte

Volda Symjeklubb og Sparebanken Møre

Sparebanken Møre og Volda Symjeklubb inviterer små og store til gratis badedag! Dette blir ein dag full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn – perfekt for familiar, barn og alle som vil oppleve kor gøy det kan vere i Voldabadet. Dato: laurdag 31. januar 2026 Tid: Pulje 1: