Gratis badedag i Voldabadet

Volda Symjeklubb og Sparebanken Møre

Sparebanken Møre og Volda Symjeklubb inviterer små og store til gratis badedag! Dette blir ein dag full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn – perfekt for familiar, barn og alle som vil oppleve kor gøy det kan vere i Voldabadet.

📅 Dato: laurdag 31. januar 2026
🕒 Tid: Pulje 1: 10:00 – 13:00 / Pulje 2: 13:00 – 16:00
📍 Stad: Voldabadet
🎟️ Pris: Gratis

Dette kan du oppleve

Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Sparebanken Møre kan vi invitere til ein open og gratis dag der fleire får oppleve kor gøy det er å vere i vatn.

På badedagen legg vi tilrette for ein aktiv og leiken dag i Voldabadet. Du kan oppleve:

  • Wibit-leik

  • Sklie & stup

  • Sauna & kaldkulp

  • Svømming, jacuzzi & motstraum

  • Leik og moro for heile familien

Dette er ein lågterskel dag der alle kan vere med – uansett alder og nivå.

Påmelding

Det er begrensa antall plassar so ver tidleg ute! Meld deg på her.

Gratis aquayoga og aquagym

Vi tilbyr også gratis aquayoga og aquagym for vaksne denne dagen!

🕘 Kl. 09.00–09.45

  • Aquagym med Linda – i det store bassenget
    Energisk, enkel og morosam trening til musikk. Passar for dei fleste.

  • Aquayoga med Tone – i oppvarmingsbassenget
    Rolig økt med fokus på pust, flyt og avspenning. Perfekt for å lande i kroppen.

Etter økta er det mogleg å nyte kaldkulp og sauna for den som ønskjer det – ei herleg avslutning på morgonen.

 
👉 Først til mølla – påmelding i Spond-appen:
(Begrensa plassar – ver tidleg ute!)
 
Her kan du lese meir om aquayoga
 
Her kan du lese meir og aquagym
Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Sommarcamp 2026

Bli med på ei aktiv, kjekk og lærerik sommarveke i vatnet!Sommarcampen passar for barn i alderen 6–12 år og kombinerer symjeopplæring, leik og sosialt fellesskap – både inne og ute. Om sommarcampen Pris og påmelding Pris: 750,- per veke. Meld di interesse so sender vi ut forespørsel om bekrefting av

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn. Dato: laurdag 23. mai 2026 Tid: 08.30 – 10.30 Stad: Voldabadet Pris: Gratis Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte