Aquagym i Volda er ei herleg og skånsam treningsform der vi kombinerer musikk og rørsle i vatn. Trening i vatn gir naturleg motstand og avlasting for kroppen, og øktene inneheld varierte øvingar som styrkar både kondisjon og muskulatur – på ein leiken og motiverande måte.
Aquagym i Volda passar for alle, uavhengig av alder og treningsnivå. Tilbodet er spesielt godt eigna for deg som har revmatiske plager, bekkenplager, smerter i rygg eller ledd, eller som ønskjer ei mild, men effektiv form for vanntrening. Her får du ei behageleg treningsøkt i basseng som gir både energi, meistring og treningsglede.
Gratis prøvetime på aquagym i Volda:
Nye deltakarar kan få gratis prøvetime dersom det er ledig plass på timen. Ta kontakt på e-post: [email protected] for avklaring.
Om sjølve timen
- Når: Måndagar kl. 19.00
- Varigheit: Ca. 45 min.
Instruktørar: Linda B. Indresæter og Kristen W. Hallaråker
Kvar: I hovudbassenget i Voldabadet, Volda.
Påmelding - fast plass
🩵 Vårkampanje (fram mot sommaren 2026) 🩵
No får du vere med på aquayoga til 550 kr per månad + transaksjonsgebyr via Spond: 2,99 % + 2 kr.
(Ordinær pris: 720 kr per månad).
Talet på treningar per månad vil variere noko på grunn av skuleferiar og heilagdagar, men dette jamnar seg ut over året. Det blir ikkje fakturert i juli.
Startar du midt i ein månad, blir første betaling tilpassa etter kor mange treningar som er att. Deretter gjeld fast månadspris.
Betalingsførespurnad blir sendt via Spond. Har du ikkje appen, får du førespurnaden på e-post.
Månedsabonnement sikrar deg fast plass på timen.
Medlemskap i Volda Symjeklubb
Når du deltek på aktivitet i regi av Volda Symjeklubb, må du vere medlem i klubben.
Medlemskap for vaksne kostar 100,- per år.
Inngangsarmband til Voldabadet kostar 150,- og er ein eingongsutgift. Desse banda nyttar du også til skapa i garderobene.
Ønskjer du fast plass på timen?
Drop-in
Vi nyttar appen Spond for organisering og betaling av drop-in.
Bli medlem i Spondgruppa vår om du ønskjer å få varsel når vi har arrangement med aquayoga og aquagym i bassenget. Påmeldingsfrist på drop-in er kl. 18.15 same dag i Spond.
Drop in kostar 220,-.
Du treng ikkje vere medlem for å delta på drop-in-time. Vi tilrår likevel medlemskap for deg som ønskjer å støtte klubben og vere ein del av fellesskapet rundt aquatreninga. Medlemskap kostar 100,- per år.
Inngangsband – drop-in
For drop-in treng du ikkje å kjøpe eige inngangsband.
Du kan låne inngangsband i resepsjonen (til venstre når du kjem inn i bygget). Bandet brukar du både til inngang og for å låse skap i garderoben. Hugs å levere det tilbake etter timen.
Resepsjonen på Voldabadet er ikkje alltid open, og dette ligg utanfor vår kontroll.
Dersom du vil vere sikker på å kome inn, tilrår vi å skaffe deg eige inngangsband.
Pris: 150 kr (eingongsbeløp)
Bandet gir deg tilgang i opningstidene for aquagym
Kan kjøpast i resepsjonen til Voldabadet når den er open
Skreddarsydd trening for grupper
Vi tilbyr skreddarsydde gruppetreningar i aquayoga og aquagym for vennegjengar og bedrifter. Anten de ønskjer ein morosam aktivitet saman med venar eller ei ykt med lagbygging for kollegaer. Ta kontakt med oss, så finn vi ei tid og eit opplegg som passar perfekt for dykk.
Meir informasjon til deltakarar på aquatrening kan du laste ned her
Velkomen på aquagym i Volda!