Symjestemnet på Eid

Voldasymjarane deltok med fire utøvarar på Eid Symjeklubb sitt Hauststemne på Nordfjordeid i helga. Fleire var påtenkt å stille, men armbrot, fødselsdagfeiringar og Halloween sette ein stoppar for at fleire blei med. Likevel, Volda Symjeklubb konkurrerte både i opa klasse og i rekruttklassa med dei fire som deltok.

Bjørnar Holte Humberset er medlem i rekruttgruppa, og gjennomførte fire øvingar med ganske korte pausar mellom. Han var altså ikkje 100% utkvild ved kvar start. Først sprinta han to 25meterar, fri- og ryggsymjing, for deretter å gjer det same på den doble distansen. 50 fri gjekk unna på 1.06,66, og 50 rygg på 1.18,74. I rekruttklassen vert ikkje symjarane individuelt rangert eller premiert, men alle får deltakarpremie. Den hadde Bjørnar ærleg fortent etter solid innsats i bassenget.

Som parautøvarar kan Elias Kobbevik Mikalsen og Thea Kanutte Åmelfot delta både som rekrutt og i opa klasse. I opa klasse er det strenge krav til teknisk korrekt symjing etter regelverket, noko Elias blei offer for då han tjuvstarta på 50 fri. Betre gjekk det på 100 fri der han sette personleg rekord med 2.14,06. Elias likar å symje butterfly, og gjennomførte ein flott 25-meter i rekruttklassen. Thea lukkast godt med sine 100-meterar. 2.20,77 på 100 fri er også personleg rekord. Derimot 100 bryst på 3.43,62 har ho gjort raskare før. Thea stadfesta god crawlform på 50 meteren, også den gjekk unna på ny personleg rekord 1.02,40.

Astrid Kobbevik Mikalsen ladda opp til stemnet ved å ta ein fotballtur til Bodø, der vi trur Bodø/Glimt-sigeren inspirerte til gode resultat søndagen. Tre startar gav tre førsteplassar og to personlege rekordar. Først ut var 200 medley, der ho opna tøft på fly- og ryggetappane. Så kosta nok opninga litt mykje, for på bryst- og crawletappane var ho litt køyrd. Men likevel 0,5 sek. personleg rekord med sluttid 3.27,15. Astrid valde også å prøve seg på ein sprintdistanse, og kom i mål på 50 fri 1/10-del over pers på 38,32. Siste øving for henne var 200 rygg, som til liks med 200 medley er ei obligatorisk øving for å delta på den regionale årsklassemeisterskapen. Dette siste løpet var nok det beste ho gjorde denne helga, eit veldisponert løp der ho slo handa i veggen på 3.18,15, 3 sekund raskare enn førre bestetid.

Voldasymjarane får no ein god fem vekers treningsperiode fram mot vårt eige Julelaug, som VSK skipar til første helga i desember. Då spår vi mange nye personlege rekordar!

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Volda Symjeklubb inviterer til treningssamling for parasymjarar i Voldabadet 8.–10. januar 2027! Trenar og treningsopplegg Vi er svært glade for at Shelby frå Aalesund Swimstar vil vere hovudtrenar under samlinga! Det blir lagt opp til trenarstyrte symjeøkter, men vi ønskjer også å leggje til rette for utøvarar som føretrekkjer å

Aquagym

Har du lyst til å prøve Aquagym? No tilbyr Volda Symjeklubb halv treningskontingent ut 2026. For berre 285 kr i månaden kan du bli med på variert, effektiv og skånsam trening i vatn! Kva er Aquagym? Aquagym er ei allsidig treningsform der vi kombinerer styrke, kondisjon og rørsleglede til musikk.