Open symjehall 28. mars

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn.

📅 Dato: laurdag 28. mars 2026
🕒 Tid: 08.30 – 10.45
📍 Stad: Voldabadet
🎟️ Pris: Gratis

 

Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Gjensidige Stiftelsen kan klubben invitere til ei open og gratis stund der fleire får oppleve kor kjekt det er å vere i vatn.

Fast tilbod gjennom våren

Det nærmar seg sommar, og vi ønskjer å sette fokus på svømmeopplæring. Volda Svømmeklubb inviterer difor til slike dagar annan kvar laurdag gjennom våren, slik at endå fleire kan finne tryggleik og glede i vatn.

Tema denne gongen: Crawl

Kvar «open symjehall» har eit eige tema. Denne gongen er temaet crawl-teknikk.

Vi legge ut nokre symjebaner i hovudbassenget og har trenarar tilgjengelig for rettleiing i Crawl-teknikk i tidsrommet 09.00-10.00. 

Anten du er heilt ny eller vil finpusse detaljar, kan du få rettleiing og enkle tips som gjer det lettare å meistre symjinga.

Det er berre å møte opp!

Velkomen til ein kjekk dag i vatn – saman skaper vi meir vassglede i Volda.

Visste du at Volda Symjeklubb tilbyr symjetrening for vaksne?
👉 Les meir her

 

💙 Vil du støtte arbeidet vårt?
Du kan støtte Volda Symjeklubb ved å velje oss som mottakar av Grasrotandelen, eller bli støttemedlem i klubben.

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Sommarcamp 2026

Bli med på ei aktiv, kjekk og lærerik sommarveke i vatnet!Sommarcampen passar for barn i alderen 6–12 år og kombinerer symjeopplæring, leik og sosialt fellesskap – både inne og ute. Om sommarcampen Pris og påmelding Pris: 750,- per veke. Meld di interesse so sender vi ut forespørsel om bekrefting av

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn. Dato: laurdag 23. mai 2026 Tid: 08.30 – 10.30 Stad: Voldabadet Pris: Gratis Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte