Sommarcamp 2026

Sommarcamp 2026

Bli med på ei aktiv, kjekk og lærerik sommarveke i vatnet!
Sommarcampen passar for barn i alderen 6–12 år og kombinerer symjeopplæring, leik og sosialt fellesskap – både inne og ute.

 

Om sommarcampen

Pris og påmelding

Pris: 750,- per veke. 

Meld di interesse so sender vi ut forespørsel om bekrefting av plass.

Info

📅 Når: Veke 26 og 27

  • Måndag–fredag
  • Kl. 09.00–15.00

 

📍 Kvar: Voldabadet og nærområdet

🔹Alder: 6–12 år

🔹Plassar: 30 plassar per veke

  • På sommarcamp med Volda Symjeklubb får barna:
  • Symjeopplæring tilpassa nivå
  • Sosialt samvær og nye vennskap
  • Trygge rammer med god bemanning
  • Variert program med aktivitetar både inne og ute

Vi legg vekt på meistring, glede og tryggleik i vatnet – samtidig som barna får ein aktiv og sosial ferieoppleving.

Vi Ønskjer samtidig å rette ein stor takk til våre støttespelarar som har gjort dette mogleg:

– Sparebanken Møre (vår fantastiske hovudsponsor

– Equinor

– Sparebanken Norge – Prosjektmidlar

– Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre

– SpareBank 1 SMN – Samfunnsutbytte

Takket vere støtta frå desse aktørane kan vi tilby ein innhaldsrik sommarcamp med fokus på tryggleik i vatn, meistring, fysisk aktivitet, fellesskap og gode opplevingar for barna.

Vi gler oss til ei sommarveke fylt med vassglede, leik og meistring.

Vi gler oss til ei sommarveke fylt med vassglede, leik og meistring! 

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn. Dato: laurdag 23. mai 2026 Tid: 08.30 – 10.30 Stad: Voldabadet Pris: Gratis Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte

Aquagym

Laurdag inviterer Volda Symjeklubb til open symjehall i Voldabadet – ei kjekk morgonstund med aktivitet, energi og vassglede for alle. Dette er eit lågterskeltilbod der du kan kome akkurat som du er – anten du vil vere aktiv, prøve noko nytt eller berre nyte ei god stund i vatnet saman