Laurdag inviterer Volda Symjeklubb til open symjehall i Voldabadet – ei kjekk morgonstund med aktivitet, energi og vassglede for alle.
Dette er eit lågterskeltilbod der du kan kome akkurat som du er – anten du vil vere aktiv, prøve noko nytt eller berre nyte ei god stund i vatnet saman med andre.
Dato: laurdag 09. mai 2026
Tid: 08.30 – 10.45
Stad: Voldabadet
Pris: Gratis
Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Gjensidige Stiftelsen kan klubben invitere til ei open og gratis stund der fleire får oppleve kor kjekt det er å vere i vatn.
Fast tilbod gjennom våren
Gjennom våren inviterer vi til open symjehall annakvar laurdag. Målet er å skape meir vassglede, tryggleik og meistring for både små og store – spesielt no når sommaren nærmar seg.
Tema: Aquagym
Kvar «open symjehall» har eit eige tema. Denne gongen set vi fokus på aquagym!
Kl. 09.00–09.45 blir det aquagym i hovudbassenget. Her kan du vere med på ei energisk og skånsam treningsøkt i vatn, der vi jobbar med både styrke og kondisjon.
Aquagym passar for dei aller fleste – uansett nivå. Vatnet gir motstand, men også støtte, slik at du får effektiv trening utan stor belastning på kroppen.
Instruktør er til stades og guidar deg gjennom økta – du kan vere med i ditt tempo.
Barn kan vere med på aquagym om dei er svømmedyktige og kan stå på botnen.
Ope for alle
Resten av symjehallen er open for fri leik og symjing i heile tidsrommet.
Du kan delta på aquagym, eller berre nyte vatnet – her er det rom for både aktivitet og ro.
Det er berre å møte opp!
Velkomen til ein morgon med energi, meistring og vassglede.
Er du nysgjerrig på aquagym og kva det kan gjere for kroppen din?
Les meir om tilbodet vårt her.
💙 Vil du støtte arbeidet vårt?
Du kan støtte Volda Symjeklubb ved å velje oss som mottakar av Grasrotandelen, eller bli støttemedlem i klubben.