Laurdag 11. april inviterer Volda Symjeklubb til open symjehall i Voldabadet.
Dette er eit lågterskeltilbod for alle – anten du vil leike, bli tryggare i vatn eller berre nyte ei fin stund saman med familie og venner.
Dato: laurdag 11. april 2026
Tid: 08.30 – 10.45
Stad: Voldabadet
Pris: Gratis
Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Gjensidige Stiftelsen kan klubben invitere til ei open og gratis stund der fleire får oppleve kor kjekt det er å vere i vatn.
Fast tilbod gjennom våren
Det nærmar seg sommar, og vi ønskjer å sette fokus på svømmeopplæring. Volda Svømmeklubb inviterer difor til slike dagar annan kvar laurdag gjennom våren, slik at endå fleire kan finne tryggleik og glede i vatn.
Tema: Babysymjing
Kvar «open symjehall» har eit eige tema. Denne gongen er temaet babysymjing.
I tidsrommet kl. 09.00–10.00 er det tilrettelagt babysymjing i opplæringsbassenget for dei minste (ca. 3 månader til 2 år). Her vil instruktørar vere til stades og gi enkle tips og rettleiing, slik at du og barnet ditt kan oppleve trygg, nær og leiken kontakt i vatnet.
Ope for alle
Opplæringsbassenget er også ope både før og etter babysymjinga.
Resten av symjehallen er open for fri leik og symjing i heile tidsrommet, slik at både små og store kan finne noko som passar for seg.
Det er berre å møte opp!
Dette er ein del av eit tilbod vi har annan kvar laurdag gjennom våren, med mål om å skape meir vassglede, tryggleik og meistring i lokalmiljøet.
Velkomen til ein kjekk dag i symjehallen!
Har du lyst på ei roleg og fin stund i vatnet saman med barnet ditt?
Les meir om babysymjingstilbodet vårt her.
💙 Vil du støtte arbeidet vårt?
Du kan støtte Volda Symjeklubb ved å velje oss som mottakar av Grasrotandelen, eller bli støttemedlem i klubben.