Oppstart av nye symjekurs

Vi er snart ferdig med fyrste kursrunde 2025 og vil no gå no over til månadsfakturering

Det nye no er at vi vil ta inn nye kursdeltakarar fortløpande.

Tryggivannkurs for barn mellom 5 og 11 år

Sjekk nivåveljar for å finne fram til kva kurs som høver om det gjeld barn mellom 5 og 11 år. Vi har kurs mandag, onsdag og torsdag. Skriv gjerne opp ønska dag.

* Ungdomskurs
* Vaksenkurs
* Begynnarkurs med Bjørg
* Crawl/rygg med Wencke onsdagar
* Crawl/rygg med Oda mandagar
* Brystteknikk med Jørund onsdagar

Spør oss gjerne om du er usikker på kva gruppe du bør vere med på.

 

Framgongsmåte

For å melde deg eller barnet ditt på kurs via Tryggivann.no utan å ha ein eksisterande brukarkonto, må du først opprette ein ny konto. Følg desse stega:

1. Registrer ein ny brukar:

• Gå til Tryggivann.no og klikk på “Registrer ny brukar”.

• Fyll inn nødvendig informasjon som namn, e-postadresse og telefonnummer.

2. Aktiver brukarkontoen:

• Etter registrering vil du få ein e-post med ein aktiveringskode.

• Klikk på lenkja “Aktiver ny konto” i e-posten, eller gå tilbake til Tryggivann.no og vel “Aktiver konto”.

• Skriv inn brukarnamnet ditt og aktiveringskoden for å fullføre aktiveringa.

3. Legg til deltakar(ar):

• Logg inn på den nyoppretta kontoen din.

• Gå til “Mi side” og vel “Legg til ny deltakar”.

• Fyll inn informasjon om deltakaren som skal meldast på kurs (til dømes barnet ditt).

4. Søk etter og meld på kurs:

• Bruk søkjefunksjonen på nettsida for å finne eit passande kurs i ditt område.

• Når du har funne eit kurs, vel “Meld på” og følg instruksjonane for påmelding.

Hugs å oppdatere kontaktinformasjonen din jamleg for å få viktig informasjon om kursa. Det er òg lurt å lese gjennom klubben sine retningslinjer og vilkår før påmelding.

Dersom du får problem med registrering eller påmelding, kan det vere nyttig å ta kontakt med den aktuelle symjeklubben for hjelp.

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Sommarcamp 2026

Bli med på ei aktiv, kjekk og lærerik sommarveke i vatnet!Sommarcampen passar for barn i alderen 6–12 år og kombinerer symjeopplæring, leik og sosialt fellesskap – både inne og ute. Om sommarcampen Pris og påmelding Pris: 750,- per veke. Meld di interesse so sender vi ut forespørsel om bekrefting av

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn. Dato: laurdag 23. mai 2026 Tid: 08.30 – 10.30 Stad: Voldabadet Pris: Gratis Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte