Bedriftsstafett under Julelauget 2026

Julelauget Bedriftsstafett 2026

I år inviterer vi bedrifter til å bli med på bedriftsstafett under Julelauget i Voldabadet laurdag 5. desember!

 

Samle fire kollegaer og bli med på ei sosial og aktiv førjulsoppleving med lagkjensle, godt humør og litt vennskapleg konkurranse. Stafetten er for alle nivå – kvar deltakar sym 25 meter, og det er absolutt ikkje nødvendig å vere konkurransesymjar.

Bedriftene kan også velje ei pakke med trening i forkant av Julelauget.

Bli med på moroa – og støtt samtidig symjeaktivitet for barn og unge i lokalmiljøet!

Les meir om bedriftsstafetten og meld på bedrifta her

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Volda Symjeklubb inviterer til treningssamling for parasymjarar i Voldabadet 8.–10. januar 2027! Trenar og treningsopplegg Vi er svært glade for at Shelby frå Aalesund Swimstar vil vere hovudtrenar under samlinga! Det blir lagt opp til trenarstyrte symjeøkter, men vi ønskjer også å leggje til rette for utøvarar som føretrekkjer å

Voldasymjarane deltok med fire utøvarar på Eid Symjeklubb sitt Hauststemne på Nordfjordeid i helga. Fleire var påtenkt å stille, men armbrot, fødselsdagfeiringar og Halloween sette ein stoppar for at fleire blei med. Likevel, Volda Symjeklubb konkurrerte både i opa klasse og i rekruttklassa med dei fire som deltok. Bjørnar Holte