Open symjehall 25. april

barn ved vannkant i basseng

Laurdag inviterer Volda Symjeklubb til open symjehall i Voldabadet – ei kjekk morgonstund med aktivitet, energi og vassglede for alle.

Dette er eit lågterskeltilbod der du kan kome akkurat som du er – anten du vil vere aktiv, prøve noko nytt eller berre nyte ei god stund i vatnet saman med andre.

📅 Dato: laurdag 25. april 2026
🕒 Tid: 08.30 – 10.45
📍 Stad: Voldabadet
🎟️ Pris: Gratis

 

Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte frå Gjensidige Stiftelsen kan klubben invitere til ei open og gratis stund der fleire får oppleve kor kjekt det er å vere i vatn.

Fast tilbod gjennom våren

Gjennom våren inviterer vi til open symjehall annakvar laurdag. Målet er å skape meir vassglede, tryggleik og meistring for både små og store – spesielt no når sommaren nærmar seg.

Tema: Symjeopplæring

Kvar «open symjehall» har eit eige tema. Denne gongen set vi fokus på symjeopplæring!

I tidsrommet 09.00–10.00 vil instruktørar vere i opplæringsbassenget, der barn kan få prøve enkle øvingar frå symjeopplæringa vår. Dette er ei fin moglegheit til å bli litt kjent med tilbodet til Volda Symjeklubb og oppleve meistring i vatnet.
 
Vil du lese meir om symjeopplæringa vår eller melde barnet ditt på kurs? Les meir her. 

Ope for alle

Resten av symjehallen er open for fri leik og symjing i heile tidsrommet.

Det er berre å møte opp!

Velkomen til ein morgon med energi, meistring og vassglede.

💙 Vil du støtte arbeidet vårt?
Du kan støtte Volda Symjeklubb ved å velje oss som mottakar av Grasrotandelen, eller bli støttemedlem i klubben.

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Aquagym

Har du lyst til å prøve Aquagym? No tilbyr Volda Symjeklubb halv treningskontingent ut 2026. For berre 285 kr i månaden kan du bli med på variert, effektiv og skånsam trening i vatn! Kva er Aquagym? Aquagym er ei allsidig treningsform der vi kombinerer styrke, kondisjon og rørsleglede til musikk.

Julelauget Bedriftsstafett 2026

I år inviterer vi bedrifter til å bli med på bedriftsstafett under Julelauget i Voldabadet laurdag 5. desember! Samle fire kollegaer og bli med på ei sosial og aktiv førjulsoppleving med lagkjensle, godt humør og litt vennskapleg konkurranse. Stafetten er for alle nivå – kvar deltakar sym 25 meter, og