To medaljar i Master-NM

Damelaget: frå v. Irene Graskopf, Runa Bakke, Hege Leikanger og Frida Gilberg

Ofte har voldasymjarane hausta fleire enn to medaljar i den årlege meisterskapen for veteranar (Master-NM), men denne gongen blei det altså «berre» to. Det sørga Runa Bakke og Jørund Fet for.

 

Damelaget: frå v. Irene Graskopf, Runa Bakke, Hege Leikanger og Frida Gilberg.

 

Sølv og bronse til Runa og Jørund

Runa sumde 100 bryst like fort som i fjor, og det gav sølvmedalje i si klasse, damer 65–69 år. I tillegg stilte ho opp i to andre individuelle øvingar, 50 bryst og 100 medley, med to 5. plassar som resultat.

Jørund Fet (klasse 70 til 74 år) tok sin bronsemedalje på 100 fri og sumde også 50 meteren dagen etter til 5. plass. Tidene er dei raskaste han har gjort på fem år.

Mange øvingar og sterke prestasjonar

Den som sumde flest øvingar – fem individuelt og to stafettetappar – var Frida Gillberg (klasse 45–49 år), der 50 fri var den beste prestasjonen på 33,49 og 8. plass. Ho sumde også fort på 50 bryst, men blei diverre diskvalifisert for feil vending. Det kjem ikkje til å skje neste år!

Hege Leikanger sumde også 50 bryst og 100 medley, som Runa, men i klasse 60–64 år. Dei var altså denne gongen ikkje direkte konkurrentar, som dei elles ofte er. Beste plassering for Hege var 5. plass på brystdistansen, prestasjonen på medley gav 7. plass.

Uhell og viljestyrke

Irene Graskopf, klasse 55 til 59 år, deltok i Master-NM for første gong i fjor, og hadde ambisjonar i år. Så var ho uheldig på glattisen tidlegare i vinter, men trente med bresta ribbein så godt ho kunne fram mot meisterskapen.

Ho trekte seg frå bryst- og medleydistansane, og måtte bryte undervegs på 100 rygg. Men 100 og 50 fri gjekk bra og presterte tider opp mot sitt beste (i nyare tid). Ho kjem sterkare att neste år.

Stafett og vegen vidare

Desse fire damene sumde også stafettar. 4×50 fri til 6. plass, og 4×50 lag medley til 5. plass.

Oppgåva for mastergruppa i Volda Symjeklubb komande sesong vil vere å få fleire herresymjarar med på moroa, slik at vi kan stille med både herrelag og mixlag på stafettane.

Neste moglegheit vert i det nye og flotte symjeanlegget på Holmen i Asker kommune, 12.–14. mars 2027.

Årets medaljørar, Runa Bakke og Jørund Fet
Årets medaljørar, Runa Bakke og Jørund Fet
Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Sommarcamp 2026

Bli med på ei aktiv, kjekk og lærerik sommarveke i vatnet!Sommarcampen passar for barn i alderen 6–12 år og kombinerer symjeopplæring, leik og sosialt fellesskap – både inne og ute. Om sommarcampen Pris og påmelding Pris: 750,- per veke. Meld di interesse so sender vi ut forespørsel om bekrefting av

Crawl

Volda Symjeklubb inviterer små og store til open symjehall! Dette blir ei fin morgonstund full av aktivitet, glede og trygge opplevingar i vatn. Dato: laurdag 23. mai 2026 Tid: 08.30 – 10.30 Stad: Voldabadet Pris: Gratis Volda Svømmeklubb ønskjer å skape meir vassglede, tryggleik og fellesskap i lokalmiljøet. Med støtte