Julelauget tilbake i Voldabadet – ei helg full av symjeglede!

Julelauget 2025


6.-7. desember var det endeleg tid for Julelauget igjen i Voldabadet – eit stemne som ikkje har vore arrangert sidan 2018.

Med over 200 påmelde symjarar frå ulike klubbar på Sunnmøre blei det ei energirik og innhaldsrik helg som sette flott punktum for symjeåret.

Volda Symjeklubb stilte sterkt med både rekruttar og konkurransesymjarar. Rundt 20 aktive symjarar deltok i open klasse, og ti av desse er unge utøvarar som ønskjer å satse vidare. I tillegg stilte klubben med ei stor gruppe rekruttar, som fekk vise både mot, innsats og symjeglede i bassenget.

Naboklubbar bidrog med dommarar og støttepersonell, noko som gjorde det mogleg å gjennomføre arrangementet på ein trygg og god måte. Det set klubben stor pris på. Mange av dei tilreisande uttrykte òg begeistring for både fasilitetane og miljøet i Voldabadet.

Julelauget vart ein suksess på alle måtar – både sportsleg og sosialt. Det er tydeleg at interessa for symjing i regionen er på veg opp, og at tradisjonar som dette betyr mykje for symjemiljøet.

Tusen takk til alle som deltok, heia, hjelpte til og gjorde helga til ei flott oppleving.

Og tusen takk til hovudsponsoren vår, Sparebanken Møre!

Del nyheita:

Relaterte nyheiter

Aquagym

Har du lyst til å prøve Aquagym? No tilbyr Volda Symjeklubb halv treningskontingent ut 2026. For berre 285 kr i månaden kan du bli med på variert, effektiv og skånsam trening i vatn! Kva er Aquagym? Aquagym er ei allsidig treningsform der vi kombinerer styrke, kondisjon og rørsleglede til musikk.

Julelauget Bedriftsstafett 2026

I år inviterer vi bedrifter til å bli med på bedriftsstafett under Julelauget i Voldabadet laurdag 5. desember! Samle fire kollegaer og bli med på ei sosial og aktiv førjulsoppleving med lagkjensle, godt humør og litt vennskapleg konkurranse. Stafetten er for alle nivå – kvar deltakar sym 25 meter, og