Småbarn – Elias

gut med symjebriller symjer på rygg

Fokus på å vidareutvikle grunnleggande vannferdigheter saman med ein føresett. 

Småbarnssymjing gir barnet høve til å bli tryggare i vatn saman med ein føresett. Gjennom leik, øvingar og positive opplevingar byggjer vi vidare på ferdigheitene frå Duppe-nivå, og legg grunnlaget for meir sjølvstendig rørsle i vatnet.

Kva lærer barnet? (Elias-nivå)

På dette nivået jobbar vi vidare med kontroll og sjølvstende i vatn:

  • Flyte avslappa og kontrollert på mage og rygg
  • Rotere mellom rygg og mage
  • Dykke og symje gjennom beina til føresett eller gjennom ring
  • Fråspark frå kanten i strak kropp
  • Gli i linje og symje med crawlbeinspark
  • Frå heng i kanten til fråspark på rygg og rotasjon over på mage
  • Hoppe/stupe uti, finne overflata, flyte, og kome seg til kanten og opp

Praktisk info

Tid: Onsdagar kl. 16.20–16.50
Stad: Voldabadet – opplæringsbassenget
Oppstart: Løpande
Varigheit: 30 min per økt

Meld deg på via Spond, er det fullt på kurs kan du melde deg på venteliste. Vi tilstrebar å opprette nye grupper dersom vi ser det er mange på venteliste.

Pris og betaling

720,- per månad (ca. 180 kr per gong)

Basert på 4 samlingar per månad (kan variere noko)

Faktura blir sendt ut rundt den 01. kvar månad.

Medlemskap

Alle deltakarar må vere medlem i Volda Symjeklubb.

100 kr per person (gjeld både barn og føresett)
👉 Meld deg inn via: minidrett.no/medlemskap/1024131