Småbarn – Duppe

Liten gut på symjebrett lærer å symje

Vi introduserer barn til vatn gjennom leik og tilvenning, med fokus på tryggleik, meistring og trivsel.

Småbarnssymjing er ein trygg, leikande og utviklande aktivitet for både barn og føresette. Når barnet er saman med ein vaksen i vatnet, skapar det ei roleg og nær ramme der barnet kan utforske i sitt eige tempo.

Gjennom leik, enkle øvingar og positiv vasstilvenning legg vi grunnlaget for tryggleik, meistring og vassglede. Aktiviteten skjer på barnas premissar – med fokus på tryggleik, relasjon og gode opplevingar i vatn.

Kva lærer barnet? (Duppe – nivå 1)

På dette nivået jobbar vi med grunnleggande ferdigheiter i vatn:

  • Dra seg langs bassengkanten
  • Flyte på ryggen med minimal støtte
  • Dukke hovudet under vatn og hente gjenstand
  • Symje ein kroppslengde med beinspark
  • Hoppe uti, finne tilbake til overflata og kome seg til kanten

Praktisk info

Tid: Onsdagar kl. 16.20–16.50
Stad: Voldabadet – opplæringsbassenget
Oppstart: Løpande
Varigheit: 30 min per økt

Meld deg på via Spond, er det fullt på kurs kan du melde deg på venteliste. Vi tilstrebar å opprette nye grupper dersom vi ser det er mange på venteliste.

Pris og betaling

720,- per månad (ca. 180 kr per gong)

Basert på 4 samlingar per månad (kan variere noko)

Faktura blir sendt ut rundt den 01. kvar månad.

Medlemskap

Alle deltakarar må vere medlem i Volda Symjeklubb.

100 kr per person (gjeld både barn og føresett)
👉 Meld deg inn via: minidrett.no/medlemskap/1024131