Aquafusion

Aquatrening.

Aquafusion er ei treningsøkt med variasjon, musikk og rørsleglede! Vi blandar det beste frå aquayoga og aquagym, og vekslar mellom mjuke rørsler, styrkeøvingar, meir energiske sekvensar og avspenning.

Aquafusion gir deg ei fin blanding av puls og ro. Her får du bevege deg, hente energi og senke skuldrene – alt i same økt.

Det varme vatnet gir gode rammer for trening og avspenning. Vatnet gir motstand i øvingane, samtidig som det avlastar kroppen og gjer treninga meir skånsam for musklar og ledd.

Om sjølve timen

  • Når: Torsdagar kl. 16.00
  • Varigheit: Timen varer i ca. 45 min. Etter timen kan du nytte badstu og kaldkulpen.
  • Instruktørar: Tone Solhaug og Kristen W. Hallaråker
  • Kvar: I varmtvassbassenget i Voldabadet. 

Påmelding for fast plass på Aquafusion

Fast pris på 570 kr per månad

Månadsabonnementet er løpande og sikrar deg fast plass på aquafusion torsdag kl. 16.00. Du betaler per månad, og abonnementet held fram til du melder deg ut. Ønskjer du ikkje å vere med vidare, må du melde deg ut innan utgangen av månaden.

Talet på treningar per månad vil variere noko på grunn av skuleferiar og heilagdagar, men dette jamnar seg ut over året. Det blir ikkje fakturert i juli.

Startar du midt i ein månad, blir første betaling tilpassa etter kor mange treningar som er att. Deretter gjeld fast månadspris.

Betalingsførespurnad blir sendt via Spond. Har du ikkje appen, får du førespurnaden på e-post.


Medlemskap i Volda Symjeklubb

Når du deltek på aktivitet i regi av Volda Symjeklubb, må du vere medlem i klubben.
Medlemskap for vaksne kostar 100,- per år.

Inngangsarmband til Voldabadet kostar 150,- og er ein eingongsutgift. Desse banda nyttar du også til skapa i garderobene. 

For fast plass på aquafusion torsdagar kl. 16.00 melder du deg på i Spond. Dersom gruppa er full, kan du setje deg på venteliste.

Drop-in

Vi nyttar Spond for organisering og betaling av drop-in på aquayoga. Drop-in blir lagt ut dersom det er ledige plassar, og påmeldingsfristen er kl. 15.00 same dag.

Bli medlem i Spondgruppa vår for å få varsel om ledige drop-in-plassar og andre arrangement med aquatrening.

Drop-in kostar 220 kr. Du treng ikkje vere medlem i klubben for å delta, men vi set pris på alle som ønskjer å støtte klubben.

Inngangsband – drop-in

For drop-in treng du ikkje å kjøpe eige inngangsband.

Du kan låne inngangsband i resepsjonen (til venstre når du kjem inn i bygget). Bandet brukar du både til inngang og for å låse skap i garderoben. Hugs å levere det tilbake etter timen.

Resepsjonen på Voldabadet er ikkje alltid open, og dette ligg utanfor vår kontroll.
Dersom du vil vere sikker på å kome inn, tilrår vi å skaffe deg eige inngangsband.

  • Pris: 150 kr (eingongsbeløp)

  • Bandet gir deg tilgang i opningstidene for aquayoga

  • Kan kjøpast i resepsjonen til Voldabadet når den er open

Skreddarsydd trening for grupper

Vi tilbyr skreddarsydde gruppetreningar i aquatrening for vennegjengar og bedrifter. Anten de ønskjer ein morosam aktivitet saman med venar eller ei ykt med lagbygging for kollegaer. Ta kontakt med oss, så finn vi ei tid og eit opplegg som passar perfekt for dykk. 

Aquayoga blir halde i varmtvassbasseng i Voldabadet, og er eit treningstilbod for vaksne i Volda og omegn. Nye deltakarar har moglegheit for gratis prøvetime ved ledig kapasitet.

Meir informasjon til deltakarar på aquatrening kan du laste ned Her