Julelauget bedriftsstafett 2026

Samle kollegaene til ein annleis førjulsaktivitet!

Bedriftsstafetten er ein sosial og aktiv aktivitet der lagkjensle, godt humør og litt vennskapleg konkurranse står i sentrum. Ved å delta støttar bedrifta samtidig symjeaktivitet for barn og unge i lokalmiljøet.

Bedriftsstafetten blir arrangert som ein del av Julelauget – eit symjestemne i Volda med lang tradisjon.

Dato: Laurdag 5. desember 2026
Stad: Voldabadet

For alle nivå

Bedriftsstafetten er eit lågterskeltilbod der alle kan delta. De treng ikkje vere konkurransesymjarar – målet er aktivitet, lagkjensle og ei kjekk oppleving saman med kollegaene.

 

Eitt lag består av fire personar, og kvar deltakar sym 25 meter.

Vel mellom to alternativ

Bedriftsstafett – 5 000 kr

• Eitt lag med fire deltakarar – kvar deltakar sym 25 meter
• Deltakaravgift inkludert
• Bedrifta sitt namn/logo på felles visning på storskjerm
• Bedrifta blir presentert under arrangementet


Trening + bedriftsstafett – 10 000 kr

• Éi ukentleg trening i forkant for inntil 10 tilsette
• To av treningane med trenar og rettleiing
• Inngangsarmband til treningane
• Eitt lag med fire deltakarar i bedriftsstafetten – kvar deltakar sym 25 meter
• Bedrifta sitt namn/logo på felles visning på storskjerm
• Bedrifta blir presentert under arrangementet

Ekstra lag: Bedrifta kan melde på fleire lag for 2 000 kr per ekstra lag.

Gjer gjerne litt ekstra ut av det!

Bedriftene står fritt til å stille i lagantrekk eller kostyme dersom dei ønskjer det. Her er det rom for både konkurranseinstinkt, kreativitet og godt humør.

Premier

• Raskaste bedrift – med vandrepokal
• Beste lagånd – her tel mellom anna kreativitet, lagkjensle og stemning

Praktisk informasjon

Påmelding skjer via eige påmeldingsskjema. Bedrifta treng ikkje ha bestemt kven som skal delta ved påmelding – deltakarnamn kan meldast inn seinare.

Bli med på Julelauget – og støtt symjeaktivitet for barn og unge i lokalmiljøet.