Frivillig i Volda Symjeklubb

frivillig

Volda Symjeklubb er heilt avhengig av frivillige som ønskjer å bidra til eit trygt, aktivt og inkluderande miljø i og rundt bassenget. Enten du har mykje erfaring eller berre lyst til å hjelpe til litt innimellom, er du hjarteleg velkomen hos oss.

 

Som frivillig kan du bidra med både små og store oppgåver. Kanskje ønskjer du å vere instruktør i symjeopplæring, hjelpe til som symjetrenar, bidra med sponsorarbeid, vere med å planlegge treningsleirar og symjestemne – eller hjelpe til med andre prosjekt og aktivitetar i klubben. Vi har plass til mange ulike interesser, erfaringar og styrkar.

 

Når du engasjerer deg i Volda Symjeklubb, er du med på å:

  • halde prisane på aktivitetane våre nede

  • gi barn og vaksne livsviktig symjeopplæring

  • skape eit inkluderande aktivitetstilbod for lokalbefolkninga i alle aldrar

  • bidra til meistring, tryggleik og vassglede

 

Som frivillig får du også fleire fordelar:

  • gratis deltaking på alle aktivitetane våre for deg sjølv og dine barn

  • bli ein del av eit sosialt og inkluderande miljø

  • oppleve gleda og meistringa hos barna og deltakarane våre

  • vere med på å skape noko viktig for lokalsamfunnet

 

Har du eigne tankar eller idear til korleis du kan bidra – enten det er litt eller mykje – vil vi veldig gjerne høyre frå deg. Alle bidrag betyr noko, og alle er velkomne.

 

Ta gjerne kontakt med oss på:
daglegleiar@vti-symjing.no