Fokus på å vidareutvikle grunnleggande vannferdigheter saman med ein føresett.
Småbarnssymjing gir barnet høve til å bli tryggare i vatn saman med ein føresett. Gjennom leik, øvingar og positive opplevingar byggjer vi vidare på ferdigheitene frå Duppe-nivå, og legg grunnlaget for meir sjølvstendig rørsle i vatnet.
Kva lærer barnet? (Elias-nivå)
På dette nivået jobbar vi vidare med kontroll og sjølvstende i vatn:
- Flyte avslappa og kontrollert på mage og rygg
- Rotere mellom rygg og mage
- Dykke og symje gjennom beina til føresett eller gjennom ring
- Fråspark frå kanten i strak kropp
- Gli i linje og symje med crawlbeinspark
- Frå heng i kanten til fråspark på rygg og rotasjon over på mage
- Hoppe/stupe uti, finne overflata, flyte, og kome seg til kanten og opp
Praktisk info
Tid: Onsdagar kl. 16.20–16.50
Stad: Voldabadet – opplæringsbassenget
Oppstart: Løpande
Varigheit: 30 min per økt
Meld deg på via Spond, er det fullt på kurs kan du melde deg på venteliste. Vi tilstrebar å opprette nye grupper dersom vi ser det er mange på venteliste.
Pris og betaling
720,- per månad (ca. 180 kr per gong)
Basert på 4 samlingar per månad (kan variere noko)
Faktura blir sendt ut rundt den 01. kvar månad.
Medlemskap
Alle deltakarar må vere medlem i Volda Symjeklubb.
100 kr per person (gjeld både barn og føresett)
👉 Meld deg inn via: minidrett.no/medlemskap/1024131
Les meir om symjeopplæring for småbarn.